Norsk Kvernsteinsenter

Kvernsteinsparken

Del

Kvernsteinsparken er tusenårsstaden i Hyllestad kommune og vart offisielt opna av dronning Sonja tysdag 11. juni 2002.

Kvernsteinsparken er lagt til rette som visningssenter for kvernsteinshistoria i Hyllestad. Her finn ein eit produksjonslandskap som er forma av  aktiviteten som gjekk føre seg allereie i vikingtid og mellomalder. Ein finn  gruver og berg med spor etter uttak av kvernstein, og uferdige steinar som står att i berget. Deler av det opphavelege landskapet er bokstaveleg talt hogd vekk, medan avslagshaugar har hopa seg opp.

I eit av husa i Kvernsteinsparken er to forliste skipslaster med kvernstein vist fram. Den største lasta var på 505 steinar, og vart funnen i Alverstraumen nord for Bergen. Den andre med  51 steinar, vart funnen ved Bukken i Sund kommune sør for Bergen. Steinane i begge lastene kjem frå Hyllestad.

 

Langs naturstiane i området kan du i fantasien leve deg inn i liv og aktivitetar som har gått føre seg her.

 

 

Guida omvising i Kvernsteinsparken

På sommarstid kan ein vere med på ei historisk vandring gjennom Kvernsteinsparken. Du kan sjå og «røre ved» ei historie som er meir enn 1000 år gamal. Restar og spor etter kvernsteinsproduksjonen pirrar fantasien. Kvernsteinsparken i Hyllestad har teke form under steinhoggaren sitt jarn.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Velkomen til Kvernsteinsparken!

Om sommaren er Kvernsteinsparken open med omvising i steinbrota og ulike handverksaktivitetar som male korn, bake brød over bål, lage klebersteinssmykkar, prøve oppstadveven m.m.

Vi serverer kaffi, kvernsteinsbrød eller sveler/vaflar. I butikken vår finn du fine handverksprodukt.

I vinterhalvåret er parken ubemanna, men du finn informasjon i huset ved elva og er velkomen til å gå gjennom parken eigenhendig. 

Ynskjer du omvising med guide så kontakt 458 71 940. 

 

Opningstider sesongen 2016:

Kvernsteinsparken er open frå 19. juni – 21. august 2016

Tysdag til søndag: Kl. 10.00 – 17.00

Kvernsteinsparken har óg turistkontor.

 

Billettprisar:

Vaksne kr. 60

Born (7-15) kr. 30

På førespurnad kan ein avtale besøk for grupper utanom sesongen.

 

Undervisningsopplegg basert på kvernsteinshistoria
Hyllestad skule har i samabeid med Torbjørn Løland i Norsk Kvernsteinsenter utvikla eit undervisningsopplegg om kvernsteinshistoria, basert på læring gjennom oppleving og deltaking, eller «gjere for å lære».

Ein dag i veka gjennom heile skuleåret i 8.klasse, er undervisninga lagt til Kvernsteinsparken. Her får elevane lære den lokale kulturhistoria gjennom eigne aktivitetar. Dei lærer å hogge kvernstein, dei arbeider i smia, mel korn på handkvern, lagar mat m.m. Dei får opplæring i vertskapsrolla, tek i mot gjestar og viser dei rundt og fortel og formidlar kvernsteinshistoria.

Vil du vitje Kvernsteinsparken? Les om opplegget her.

Undervisningsopplegget er innarbeiddsom integrert del av kjerneaktiviteten ved skulen. Det gjev elevane kunnskap om historia,  lokal identitet, stoltheit over heimbygda og det legg eit godt grunnlag for rekruttering av lokale omvisarar.

 

 

Les om korleis Hans Jacob Reite opplevde 8. klassingar som formidlarar i Kvernsteinsparken.

 

Sjå glimt frå livet i Steinhoggarleiren i innslag på Norge Rundt.