Kvernsteinsparken, som er tusenårsstaden i Hyllestad kommune, vart offisielt opna av dronning Sonja tysdag 11. juni 2002. Det var den fyrste kongelege vitjinga i Hyllestad kommune si soge.
I Kvernsteinsparken vil ein "in natura" formidle kunnskap om den omfattande og særeigne kvernsteinsproduksjonen i Hyllestad, som går attende til ca. år. 700 e.Kr. Her finn ein tydelege merkje i berget etter den gamle steinhoggarkunsten, m.a. restar av mislukka steinar som sit fast i berget, og "krater" etter hogginga. Langs naturstiane i parkområdet kan du i fantasien leve deg inn i kvernsteinsoga.
I informasjonsbua ved inngangen til parken ligg ei mengd kvernsteinar frå ei havarert skipslast funnen i Alverstraumen i 1990. Det er eit av fleire prov på at Åfjordsteinen vart skipa langt av stad, m.a. til andre skandinaviske område og til kontinentet, for hundrevis av år sidan.
I ein steinhoggarleir kan du i naturtru omgivnader, m.a. ikledd vikingdrakt, få oppleve og ta del i kvernsteinshogging slik det truleg arta seg for meir enn tusen år sidan. Meir om steinhoggarleiren her.
På sumarstid er det guida omvising i Kvernsteinsparken.
