Granatglimmerskiferen som går i ein boge kring Åfjorden, har eit islett av harde mineralar av granatar og kyanitt som gjer bergarten godt eigna for kvernsteinproduksjon. Men stein-emna var ikkje lette å løyse frå berget. Merkje i berget og mislukka steinar i avslagdungane fortel om mykje svinn.
Uferdige og attståande steinar i berget fortel at kvernsteinane vart forma direkte på bergveggen og at dei meisla og hogg noko lengre inn enn tjukna på kvernsteinen. Ved steinrota hogg dei tett med hol og slo så vekselvis
med hamar og jarn mot hola til steinen losna. Gjennom åra utvikla dei høveleg reiskap (m.a. hamrar, jernkilar, eller trekilar med jernskoning, meislar, hogg- og bendejarn) og effektive og praktiske teknikkar.
Innføringa av krutet førde til lettare og radikalt endre framgangsmåte. Då vart kvernsteinen hogd ut av steinblokker, sprengde or fjellet med svartkrut.

Både jekter og mindre båtar vart nytta. På Otringsneset kan fråstanden mellom fortøyingsmerkje tyda på at m.a. båtar på storleik med åttring og femkeiping kan ha vore vanlege. Åttringar kunne ta 20-30 kvernsteinar, alt etter storleiken. Om bord vart kvernsteinane stabla med steinpinnar mellom som stabiliserande strø.

Spor etter hoggestadar fins
mange stadar kring Åfjorden.
Foto: Lars Nes

Med ein slik slede, kalla kvennakvist, vart kvernsteinar frakta frå hoggstaden til stabelplass ved sjøen.
Foto: Ingemar Nordstrand.
