Ved fjære sjø dukkar denne store kvernsteinen på Otringsneset fram. Foto: Håkon M. Haukøy

  

   Under er det lenkja til m. a.
   program for Hyllestadseminara:

   seminar 2010
  
Seminar 2008
   Seminar 2007
   Seminar 2006
   Seminar 2005
   Seminar 2004
   Seminar 1998

©SMH

                  Hyllestadseminaret

Målsetjinga med seminara er å spreie kunnskap om
kvernsteinsdrifta og nærliggjande tema i fagmiljø både
innanlands og utanlands, og å gjere lokalsamfunnet
medvite om kva ressursar ein sit med, bør ta vare på
og hauste av. Vi meiner dette best kan gjerast ved å kombinere forelesingar på høgt fagleg nivå med opplevinga av området og dei synlege restane etter produksjonen.

Då den siste kvernsteinen vart hogd tidleg i 1930-åra,
visste ikkje folk i Hyllestad at produksjonen her var
meir enn tusen år gamal. Gjennom ei arkeologisk gransking er det dokumentert at kvernsteinshogginga
i alle høve går attende til 700-talet. Produksjonen
nådde eit toppunkt i mellomalderen, og kvernstein til handkverner vart eksportert til omlag heile Nord- og Østersjøområdet. Åfjordsteinen var frå slutten av 900-talet og fram til ca. 1600 ganske einerådande som kvernstein i det gamle danske riket i Østersjøen.

Aktiviteten i kvernsteinsberga har sett sine spor i landskapet gjennom 1300 år. Same produkt er vorte framstilt på omlag same måte sidan før vikingtida og fram til moderne tid. "Finnes det noen andre kulturminner i Norge med en slik spennvidde? Og der vi har en slik klar forbindelse mellom det vi kan kalle "manns minne" og industri i vikingtiden?" (Tom Heldal).

Granatglimmerskiferen let seg og lett forme til andre produkt som steinkrossar, gravheller, ljoresteinar m.m. Det er dokumentert at meir enn halvparten av dei store steinkrossane langs Vestlandskysten, kjem frå Hyllestad.

Tidlegare seminar:
1998: Bergarten i kvernberget og eksport av åfjordstein. 2004: Dei store steinkrossane langs Vestlandskysten. 2005: Stein som handelsvare i vikingtid og tidleg mellomalder.
2006: Med geolog og arkeolog i steinhoggaren sine fotefar – tusen år etter

2007: Kverna i samfunnet

På seminaret i 2008 vert kvernsteinsindustrien sett inn i ein norsk og europeisk samanheng.

Tilskipar av Hyllestadseminara er:
Hyllestad kommune v/Kvernsteinsnemnda Kvernsteinslauget
Folkeakademiet i Hyllestad

Fagnemnd for Hyllestadseminaret:
Professor i arkeologi Ingvild Øye, amanuensis
v/Bergen sjøfartsmuseum Arild Marøy Hansen,
amanuensis i geologi Øystein Jansen, professor i historie Knut Helle, historikar Finn B. Førsund og prosjektleiar Astrid Waage (sekretær)

Seminaret er støtta av
Sogn og Fjordane fylkeskommune