Gjennom handelskontaktar og vikingferder kom folk frå Vestlandet i kontakt med kristne område. Dei har såleis kjent til krossteiknet som eit kristen symbol alt i vikingtida, før kristendommen vart innført her i landet.

Ordet kross eller kors går att i mange stadnamn. Det kan fortelje at ein kross kan ha stått som eit landemerke på namnestaden, som t.d. på Korshaugen på Hatlem, men i fylgje tradisjonen skal Korssund-krossen vere hoggen der. Krossane er rekna å vere frå den tida då kristne impulsar frå vest slo rot og kristendomen vart innførd i Noreg, kring år 1000. Såleis kan krossane ha markert ein vigsla messestad før kyrkjer vart bygde, men kan også ha vore merkje for hamn og seglingsstad, ein møtestad der skip og folk under Guds vern kunne få livd og ly. Krossar var også merkje mellom eigedomar, og dei har såleis tent både religiøse og praktiske føremål.

På Hyllestad gamle kyrkjegard var det små steinkrossar på kvart hjørne av steinmuren. Foto: Ingemar Nordstrand.

Krossane kan vere reist av politiske grunnar som ei motvekt til det gamle heidenske. Forfedrane våre brukte krossen flittig mot vonde makter, dei ”krossa seg”, tjørekross vart t.d. sette over fjøsdøra og på husdyra for å verna dei mot underjordiske, likeeins på øltønnene så ikkje Åsgardsreia skulle stanse gjæringa osb.
Det var ikkje ein bestemt type steinkross som vart produsert i Hyllestad. Krossane varierer både i form og storleik. Vi har den keltisk- eller irskpåverka, som t.d. krossen på Krosshaugen i Eivindvik og i Loen i Nordfjord, og den anglisk- eller britiskpåverka, som t.d. krossen i Korssundet. Krossane i Noreg er enkle og utan særlege kjenneteikn, i forhold til irske og britiske, som er særs rike på dekor og biletmotiv. Krossane kan fortelje at kristendomen truleg kom til Noreg frå vest.