Kvernsteinsberg
Hyllestadsteinen
Tekst: Martha Systad Iden
Tone: Nisser og dverger
Her kan du finne
bergmannens minne,
bergmannens gruve
hans glede og hans sut.
Her kom det skrøner, eder og bøner.
Alt måtte til når ein stein skulle ut!
Veker vart mange
dagane lange.
Her var det uante krefter i sving!
Furu og selje
kan de fortelje,
kva som løyner seg i lyngen ikring?
Høyr kor dei meislar…
Lyden den leikar
fram ifrå berget i godver og storm.
Høyr kor det ljomar
taktfaste tonar,
mann står ved mann og ser steinen tek form.
Bergmannen hamrar
jernet det jamrar
steinen imot, det krev sveitte og slit.
No er vi spente….
Kva er i vente…?
Berget det slepper og steinen er fri!!
For eit vidunder!
Nesten eit under!
Kvernstein av beste og likaste slag.
Ser vi han smiler?
Ligg der og kviler….
Bak syslar vinden og fossen i lag.
Loslitne hender
steinen dei vender,
kvarts og granatane glitrar imot.
Glimmeren blenkjer,
tru kva dei tenkjer?
Steinen ligg trygt der ved berget sin fot.
Kvar går no ferda?
Langt ut i verda!
Hyllestadsteinen fer vide ikring.
Innover landet?
Sjøvegen vandre?
Kverna den ventar, få hjulet i sving!
Tida er svunnen,
fortida funnen,
skattane finn vi i berg og i jord.
Steinar ligg lause,
bergmenn er tause,
løyndommen talar frå fjell og frå fjord.
Ter det seg enno minnet:
Kvernsteinbrotet i berget,
her har dei hogge
med hagvisse hender
handkverni til Inga Litimor
og andre litimødre.
Til mann og kvinne.
Ingen ser betre
enn skaparauga
at ikkje alle emne
kan det bli noko av.
At ikkje alle kan stette
skaparens store krav.
Sume blir aldri
løyst or berget.
Andre blir hogne sund
og ifrå seg slengde
Men hundretals kvernar
går og mel korn til mjøl,
til angande, nysteikte brød,
til mette og mat i munn.
Til Hyllestad-seminaret
Ei bygd seg speglar i stille fjord
Eit berg fortel om ei soge stor
til mat for tanken og ordet
Her er eit ekko, ein stille sang
frå tusen år fylt av meiselklang
då stein gav brød på bordet
I tusen år møtte meisel stein
eit yrke lagra i merg og bein
ein arbeidsdag utan ende
Dei løyste steinen frå berget fast
Ved hjelp av sjøvegen last på last
til inn- og utland vart sende
Men så ein morgon var gruva still
Ei næring hadde sett livet til
ein rise mista si verksemd
Ei mektig soge låg still og grå
og mang ei grop vaks det mose på
Ei fortid heilt utan merksemd
I hundre år tagde berget stilt
og magre marker i landskap vilt
gav andre vegar til føda
Dei hausta næring frå kyst og fjord
Dei rydda skogen og dyrka jord
og berga livet på grøda
Så, langt om lenge fekk soga ord
ei kviskring vaks til eit mektig kor
ei segn vart avdekt og sanna
Frå teikn i fortidas fotefar
det vaks til vitskap og seminar
for kunnskapstida eit manna
Nyfikne kjem som eit folketog
fornminnegranskar og geolog
for skrift i stein å lese
Og spor av steinbrot det finst her flust
frå Skiveneset til Myklebust
og hamn ved Otringsneset
Kjem ofte godt, den som først var sein
og tung i steget som gjort av stein
som ut av berget kropen
Ein framtidsbygning krev mange fag
Her er ein grunnstein, for no i dag
er kvernsteinsoga open
Bjørn Ivar Hjelmeland