©SMH

Litteratur

 

 

Kvern og kvernstein i litteraturen

Frå tidas morgon har ”livets steinar” hatt sin naturlege plass i litteraturen, for kvernstein var livsviktig for folk. Bibelen (5. Mos. 24,6) understrekar då også at ”Ingen må ta ei
handkvern eller kvernstein i pant, for då tek dei pant i ein manns liv”,
eller ganske enkelt tek livsgrunnlaget frå folk. Bibelen nemner kvern og kvernstein 19 gonger. I Koranen finst ikkje ordet.

Kvernsteinen går att i såvel segntradisjon, i eventyr, i Eddakvede, Snorre, innan dikting osb. Og naturlegvis i fagartiklar. Etterkvart tek vi sikte på å kunne vise til mykje interessant som er skrive om livets steinar.Vi tek gjerne mot tips om dette emnet både i dikt og prosa.

"Livets steinar" går igjen i mange bokverk