Transporten – forliste skipslaster
Tidleg på 1990-talet vart det lokalisert ei forlist skipslast
med kvernstein i Alverstraumen. Lasta vart identifisert
som åfjordstein, og vart etter avtale mellom Bergen
Sjøfartsmuseum og Hyllestad kommune heva og deponert
Hyllestad i 1991. Amanuensis Arild Marøy Hansen ved Bergen Sjøfartsmuseum har skrive om lasta i artikkelen ”Kverna som maler på havets bunn” i Sjøfartshistorisk årbok for 1991.
Det er lokalisert i alt 4 forliste laster med
identifisert åfjordstein langs norskekysten.
Desse ligg som perler på ei snor langs kysten
mellom Hyllestad og Grimstad
(Jfr. Irene Baug: Kvernsteinsbrota i Hyllestad):
Alverstraumen: 505 stein (4 vasskvernstein)
Bukken i Sund kommune: 51 stein (1 vasskvernstein)
Leiaskjæret ved Kvitsøy: 40 stein (12 –13
vasskvernstein) Håøya ved Grimstad: 80 stein
(3 vasskvernstein)
Dette kan vitne om stor og organisert utførsle av kvernstein til ein marknad som etter alt å dømme kunne ligge langt unna Hyllestad.
Marknaden
I 1997 skreiv dei to svenske arkeologane Peter
Carelli og Peter Kresten artikkelen ”GIVE US THIS DAY OUR DAILY BREAD ” Artikkelen hadde undertittel:
”A Study of Late Viking Age and Medieval Quernstones in South Scandinavia” og var publisert i
Acta Archaeologica – København.
Iartikkelen skisserer dei tre eller fire ”kvernsteinsregionar” i Sør-Skandinavia i sein vikingtid/ mellomalder, alt etter kva type stein som dominerte i dei funna som var gjort:
Imellomalderbyen Lund utgjorde åfjordsteinen 90% av kvernstein og kvernsteinsfragment som inngjekk i funna.
Undersøkinga var banebrytande med omsyn til å skaffe kunnskap om marknaden for, og utbreiing av åfjordsteinen. Klikk her.
Forskinga som er gjort på 1990-talet og fram til no, viser at det har gått føre seg ein aktivitet innanfor steinhogging i Hyllestad frå før vikingtid og heilt fram til tidleg på 1900-talet, som berre synes å verte større og meir omfattande etter kvart som ein vinn ny kunnskap.
Ein må ha ambisjonar om å halde kvernsteinsdrifta i Hyllestad på den forskinspolitiske dagsorden i lang tid framover. Likevel veit ein allereie no at

Dei siste par ti-åra har ein fått fram meir og meir kunnskap om kvernsteinssoga i Hyllestad. Den nyvunne kunnskapen fortel at dimensjonane på drifta har vore langt større enn det som tidlegare har vore kjent. I denne perioden har det vore gjort viktig forskingsarbeid både på produksjon, transport og marknad som har kasta lys over kvernsteinsdrifta.
Produksjonsområdet
I 1995/96 vart det gjennomført eit forprosjekt som skulle vurdere
grunnlag og føresetnader for etablering av eit museum basert på
den unike kvernsteinstradisjonen i kommunen. Tove Rønneseth
var tilsett som prosjektleiar. I dette forprosjektet vart det
gjennomført registreringar og kartfesting av 21 kvernsteinsbrot,
frå Skor i aust til Åsmul i vest.
Det hadde tidlegare vore gjort sporadisk registrering av
kvernsteinsbrot i Hyllestad, av framfor nemnde agrohistorikar
Ottar Rønneseth, såkalla Fornminneregistrering og Historisk
Museum, først og fremst på Myklebust og Rønset.
I 2001 leverte Irene Baug ei hovudfagsoppgåve i arkeologi:
”Kvernsteinsbrota i Hyllestad”, ”Arkeologiske punktundersøkingar
i steinbrotsområdet i Hyllestad Sogn og Fjordane.”
Om utstrekninga av kvernsteinsområde slår ho fast:
Kvernsteinsbrota i Hyllestad i Sogn og Fjordane er truleg eit av
landets største fornminne i utstrekning. Her er det i eit område
på over 27 kvadratkilometer registrert godt over hundre
kvernsteinsbrot.

Om tidsdimensjonen
Arkeologiske undersøkingar i steinbrotsområdet viser at utvinninga går tilbake til yngre jernalder, til ca. 700-talet. Allereie før vikingtid vart det altså hogd kvernstein her. Det er likevel i tida frå 1000-talet og fram til 1300-talet som er perioden med størst aktivitet i dei eldste steinbrota, sjølv om det også har vore ein viss produksjon heilt fram til 1500-1600-talet. I nyare tid veit vi som nemnt at utvinninga gjekk føre seg med krut, og denne produksjonen heldt fram heilt til rundt 1930. Det har altså vore samanhengande produksjon av kvernstein i Hyllestad i godt over 1000 år.
Og om volum og mengde utteken stein
Det er teke ut enorme mengder kvernstein, og
det er
uråd å rekne ut omfanget av kvernsteinsproduksjonen
ved dei enkelte kvernsteinsbrota.
I nokre brot ser
store
berg ut til å vere hogd vekk.
Dette er
sannsynlegvis
ikkje eineståande, snarare
regelen,
og gjeld for tre av
dei fire undersøkte
steinbrots-
områda.
Unntaket er
steinbrotet på Sæsol.
Ein kan slå fast at kvernsteinsbrota i Hyllestad
representerer eit av dei største kulturminna i landet når
det gjeld geografisk utbreiing. Drifta har gått
føre seg
meir eller mindre samanhengande i
1000 år
.
Mange
stader er kulturlandskapet
fullstendig
omforma av det
store volumet på
uttaket.
I tillegg til kvernstein, som har
vore
den største
produksjonsartikkelen, har det og
vore
hogd andre
produkt i granatglimmerskifer,
både krossar,
ljoresteinar, steinkar, døypefont og
gravheller. Av dei 40
registrerte krossane på Vestlandet
skal 23 ha kome frå
Hyllestad.
Fritt sitert har Johs. B. Thue sagt ein gong at
kvernstein er handtverket, men krossane
er kunstverket.
I arbeidet framover må ein setje sterkare fokus på
dei
store
steinkrossane. Desse har vore synlege trus
og
landemerkje
langs vestlandskysten i 1000 år, og er sterkt
festa i folks medvit.