©SMH

                                     KVERNSTEINSLAUGET

- Laugslover   
Frå mann til mann gjekk kvernsteinane då fraktejekter vart lasta i gamle dagar, her ved Otringsneset. F.v. Jostein Dale, Arvid Wallevik, Ole Brekke og Sveinung Hatlem. Ombord skipper John Einar Hovemoen på jekta "Den gode hensikt". Foto: Ingemar Nordstrand.

 

 

 

Kvernsteinsprosjektet i Hyllestad.Det sosiale samveret medlemmane imellom er viktig. Dei skal ha det moro i
Kvernsteinslauget.

 

Kvernsteinslauget i Hyllestad vart skipa i 1997.

Lauget ynskjer å vere ein ressurs i kommunen for å fremje og formidle det store kulturminnet som kvernsteinsproduksjonen representerer.

Kvernsteinslauget er ein ”laus” organisasjon med ca 30 medlemmer. Dei er aktive når det trengs innafor alle arbeidsfelt som kvernsteinsprosjektet omfattar. Likevel er det fyrst og fremst som formidlarar laugsmedlemane yter den største innsatsen. Lauget levandegjer kvernsteinshistoria for publikum ved å skape steinhoggarmiljø der dei dukkar opp.

Kledde i mellomalderdrakter aktiviserer dei publikum med hogging, maling av korn, smiing av jern og primitiv matlaging over open eld. Slike ”tokt” vert gjennomførde både lokalt i Hyllestad og andre stader i landet. Det her vorte tradisjon å dra på ei reise i året.

Lokalt deltek lauget aktivt på dugnadsarbeid i vidareutviklinga av Kvernsteinsparken. Medlemane av kvernsteinslauget har mykje kunnskap om kvernsteinshistoria. Såleis er lauget ein ressurs for forskarar og fagmiljø som arbeider i tilknyting til