Under utgravingar på Bryggen i Bergen vart det funne ein del kvernsteinar frå Hyllestad. Ut frå kulturlaga steinane var plasserte i, måtte dei ha kome dit i mellomalderen, i perioden 1100 – 1400. ( Marøy Hansen i ”Kverna som maler …”) Dette var den gongen sensasjonelle funn, og hyllestadingane såg på kvernsteinsbrota med nye augo: var dei så gamle?
I 1997 kom det fram nye funn om utbreiinga av åfjordsteinen. Dei to svenske arkeologane Peter Carelli og Peter Kresten hadde analysert arkeologisk kvernsteinsmateriale i Sør-Skandinavia, og m.a funne opphavsstad for steinane. I artikkelen ”Give us this Day our Daily Bread,” med undertittelen: ”A Study of Late Viking Age and Medieval Quernstones in South Scandinavia” publisert i Acta Archaeologica – København, gjorde forfattarane greie for undersøkinga.
I artikkelen skisserer dei tre eller fire ”kvernsteinsregionar” i Sør-Skandinavia i sein vikingtid/mellomalder, alt etter kva type stein som dominerte i dei funna som var gjort:
1) Basaltstein frå Mayen i det sør- og vestlege danske området, 2) åfjordstein i det nord- og austlege danske området og 3) stein frå Malung i sør-austlege svenske området. Eit avgrensa område rundt Lugnås i Sverige, kan sjåast på som ein 4. region.
I mellomalderbyen Lund utgjorde åfjordsteinen 90% av kvernstein og kvernsteinsfragment som inngjekk i funna. Av kulturlaga som åfjordsteinane vart funne i, slær forfattarane fast at dei eldste funna må vere frå siste halvdel av 900-talet, men med dei største førekomstane på 11 – 1200-talet.
Undersøkinga var banebrytande med omsyn til å skaffe kunnskap om marknad for, og utbreiing av åfjordsteinen. I tillegg til dei nemnde funna, er det gjort spreidde funn av åfjorstein i Sør-Sverige, i Polen, Nord-Tyskland, Island og Færøyane. Berre i Sør-Skandinavia er det snakk om så store mengder at det må ha vore ein organisert handel så langt attende som til vikingtid og tidleg mellomalder. (Irene Baug i Arkeo 2/-02)) Trass i dette, er det så langt ikkje funne skriftlege kjelder som omtalar den handelen som må ha gått føre seg.


På nordsida av Åfjorden, i Hyllestad kommune, finn ein eit av dei største kulturminneområda i landet. I eit belte av granatglimmerskifer på omkring 27 kvadratkilometer, ligg spora etter kvernsteinsuttak gjennom mange hundreår spreidd utover. Herifrå vart det eksportert kvernstein til den europeiske marknaden allereie i vikingtida.
Granatglimmerskiferen er sers godt eigna til kvernstein grunna samansetnaden av etter måten mjuk skifer og harde granatar. Difor er granatglimmerskifer nytta som råmateriale for kvernstein i fleire av dei kjende brotstadene i landet. Bergarten i Hyllestad har ein mineralsamansetnad (kyanittførande granatglimmerskifer) som gjer at den let seg identifisere ut frå opphavsstad.
Det har vore kjent i lokalmiljøet at det har vore teke ut kvernstein i området. Spora i terrenget er tydlege, sjølv om torv og vegetasjon etter kvart har gøymt kanskje det meste. Men enno står hoggemerka tydelege i berget etter stein som er teken ut, halvhogde steinar som aldri vart løyste, skrota stein i terrenget, og ikkje minst eit gruvelandskap som ligg att.

Det er likevel først i dei siste par ti-åra det har kome
fram
ny kunnskap om kvernsteinsdrifta i Hyllestad, som
viser at
dimensjonane har vore langt større både i tid,
volum og
utbreiing enn det ein før har hatt kjennskap til.
Det har i denne perioden vore gjort funn og
forskingsarbeid både på produksjon, transport og
marknad som har kasta lys over drifta. I tillegg har det
vore lagt ned eit omfattande arbeid lokalt for å gjenvinne
og ta vare på handtverkstradisjonen.
I 1995/96 vart det gjennomført registreringar og
kartfesting av 21 kvernsteinsbrot i Hyllestad. Saman med
sporadiske registreringar tidlegare, syner desse at det har
vore drift langs heile aust- og nordsida av Åfjorden. I alt
har
ein funne spor etter uttak over eit område som
omfattar 17
matrikkelgardar.
I 2001 leverte Irene Baug ei hovudfagsoppgåve i arkeologi: ”Kvernsteinsbrota i Hyllestad”.
I ein artikkel i bladet Arkeo nr. 2 – 2002 summerer ho opp ein del av forskingsresultata.
Ho slær fast at kvernsteinsbrota i Hyllestad truleg er eit av landets største fornminne i utstrekning. Ut frå dei punktundersøkingane ho gjorde, dokumenterer ho at utvinninga enkelte stader går attende til yngre jernalder, til
ca. 700-talet. Ho meiner likevel å kunne påvise at det er i perioden frå 1000-talet og fram til 1300-talet det har vore
størst
aktivitet i dei eldste steinbrota, sjølv om det også har vore ein viss produksjon heilt fram til 1500-1600-talet.
Seinare
heldt utvinninga sporadisk fram til ca. 1930. Irene Baug kan dermed slå fast at: ”Det har altså vore samanhengande produksjon av kvernstein i Hyllestad i godt over 1000 år.”
I ein kortversjon av hovudfagsoppgåva (Skrift nr. 22 i Bergverksmuseets sin skriftserie), skriv Irene Baug (s. 58):
”Det er teke ut enorme mengder kvernstein, og det er uråd å rekne ut omfanget av kvernsteinsproduksjonen ved dei enkelte kvernsteinsbrota. I nokre brot ser store berg ut til å vere hogd vekk. Dette er sannsynlegvis ikkje eineståande, snarare regelen, og gjeld for tre av dei fire undersøkte steinbrotsområda .”
I tillegg til kvernstein, som har vore den største produksjonsartikkelen, har det og vore hogd andre produkt i granatglimmerskifer, både krossar og ljoresteinar. Av dei store steinkrossane som har vore godt synlege trus- og landemerkje langs vestlandskysten i 1000 år, er omlag halvparten hogde i Hyllestad.
Kvar tok dei så vegen, steinane som vart hogde ved Åfjorden? Det er litt tilfeldig kva ein veit om det.
Tidleg på 1990-talet vart det lokalisert ei forlist skipslast med kvernstein i Alverstraumen. Lasta vart identifisert som åfjordstein, og vart etter avtale mellom Bergen Sjøfartsmuseum og Hyllestad kommune heva og deponert Hyllestad i 1991. Amanuensis Arild Marøy Hansen ved Bergen Sjøfartsmuseum har skrive om lasta i artikkelen ”Kverna som maler på havets bunn” i Sjøfartshistorisk årbok for 1991.
Det er lokalisert i alt 4 forliste laster med identifisert åfjordstein. Desse ligg i skipsleia langs kysten mellom Hyllestad og Grimstad (Jf. I. Baug: Kvernsteinsbrota i Hyllestad):
I tillegg til lasta i Alverstraumen ( 505 steinar), er det funne ei last ved Bukken i Sund kommune (51 steinar), ei ved Leiaskjæret ved Kvitsøy (40 steinar) og ei utanfor Håøya ved Grimstad (80 steinar).
Dette vitnar om stor og organisert utførsle av kvernstein, til ein marknad som etter alt å dømme kunne ligge langt unna Hyllestad. Ikkje ved nokon av forlisa vart det funne restar etter båt. Det har difor ikkje vore mogeleg å datere forlisa.