”Ved kvernbekken”
Å hei, kor det durar i kallen,
han vaskar i vatnet og sviv!
Surr-burr – går den knurrande trallen
so vassføyka sprutar og driv!
Stri gjennom sleipe sloket
stryk fossen i heksedans,
og høgt over skovleroket
ligg skummet i kvervelglans.
Jakob Sande.
Folketrua knytte underjordiske
vetter som kvernknurr,
fossegrimen, eller nøkken
til fossedur og lyden
av
malande kverner.
Fossegrimen lærde
spelemennene dei
finaste slåttane. Ein
måtte hugse på å gje
dei underjordiske
nokre
nevar med mjøl,
eller eit
spekekjøtlår,
elles
kunne kverna
stanse på
uforståeleg
vis.
I Skor i Hyllestad finst
eit av dei finaste vass-
bruksmiljøa i landet,
ein konsentrasjon av
fem lafta kvernhus
og ei grindbygd vass-
sag, som alle er
restaurerte og
verksame. Saman med
”Den trondhjemske
postvei”, Skors
Naturreservat og det restaurerte skulehuset, utgjer dette eit interessant og unikt kulturhistorisk miljø for grenda, kommunen og distriktet.
Gjennom tidene har menneska vore oppfinnsame for å få knust og kverna korn til mat og malt til ølbrygging. Kornet vart kalla ”Gudslånet”. Bygg og havre vart til graut og brød som var viktig kost i vikingtida og mellomalderen. Gulatingslova påla folk å bryggje øl, som var rekna som kosttilskot. Bygg var såleis nærast heilagt korn. Det er funne roterande handkverner i nordiske buplassar frå ca. 4-500 år e.Kr.

Bibelen omtalar korn og maling. Kornmalingsutstyr var livsviktig og i 5. Mos. 24,6 vert det slege fast at ingen må ta ei handkvern, eller kvernstein i pant, for då tek dei livsgrunnlaget frå folk.
Det var mest kvinnene som i gamal tid stod for kornknusinga med skubbekverna, og seinare handkverna, som kunne vere tung å hanskast med. Utover i mellomalderen tok vasskverna etterkvart over og letta arbeidet. Dei karakteristiske kvernhusa fanst i mest kvar bekkesildre, ofte med vassdemning eller dytting langt oppe i liene for å sikre kvernvatn. No fekk kornmalinga status og mannfolka overtok arbeidet, som vart ei viktig sosial samkome, ikkje minst då maltet til julølet, eller til familiesamlingar som t.d. bryllaup og gravøl, skulle knusast.
Det er fart, kraft og vassprut når kvernkallen sviv rundt. Dette er frå Skor. Foto: Per Kjetil Eide.


