Hyllestadseminaret vart avvikla i strålande vårver helga 19.-20.april, med tett opp
under 50 deltakarar på laurdag, og litt færre på sundag.
I år måtte ein finne seg i å konkurrere med den moderne industrien i Hyllestad, då
Havyard Leirvik a/s hadde skipsdåp, open dag og 90-årsjubileum laurdag.
Seminaret var som vanleg ei blanding av førelesingar og uteaktivitetar.
Tom Heldal frå NGU, som nyleg har avslutta sitt store registreringsarbeid, drog det
heile i gang med smakebitar frå arbeid sitt. Han hadde og nokre synspunkt på
kvifor drifta i Selbu utkonkurrerte kvernsteinsdrifta i Hyllestad frå 1500 talet og utover.
Ole Morten frå 8. klasse som guide. Etter ei vandring gjennom gruvelandskapet på Myklebust og Nygård, Foto: Birgitta Odeen
seminardeltakarane møte elevar frå 8.klasse ved Hyllestad skule som formidlarar i
Kvernsteinsparken. Dei gjorde jobben sin på ein imponerande flott måte.
Alain Belmont, historieprofessor frå Grenoble, gjesta Hyllestadseminaret for andre gong. Han heldt foredrag om
arbeidet som pågår i andre deler av Europa.
Sundag fekk deltakarane smakebitar frå pågåande/nyleg avslutta forsking.
Masterstudentane Anja Sætre og Silje Foyn kunne dokumentere busetjing på gardane Rønset og Sæsol gjennom fleire tusen år.
Geolog Helge Askvik kunne slå fast at stablepinnane i kvernsteinslasta verkeleg kjem frå Eidsborg. Arild Marøy Hansen
gav ei interessant innføring i kva ballaststein kan fortelje.
Til slutt vart arbeidet med forvaltningsplan for kvernsteinsbrota presentert av Eva Moberg frå Fylkeskommunen og
Sissel Carlstrøm frå Riksantikvaren.