Langs Norskekysten er det gjort fleire funn av havarerte båtlaster med kvernstein frå Hyllestad. Funnet av vel 500 steinar i Alversund i 1990 er langt det største, men også funn sør for Bergen i 1993 ved den tidlegare handelsstaden Bukken i Sund kommune (51 steinar), vidare i 1999 ved Kvitsøy i Rogaland (40 steinar) og i 1975 ved Håøya/Grimstad (80 steinar) gjev interessante opplysningar. Alle steinane er berre grovt tilhogne, og av varierande storleik. I alle lastene er det i hovudsak handkvernstein.
Hundrevis av kvernsteinar frå Alversund-forliset ligg i informasjonsbua i Kvernsteinsparken. Foto: Ingemar Nordstrand.
Kvernsteinlasta frå Alversund utgjer i alt 505 steinar, eller ca. 250 par, i det alt vesentlege handkvernsteinar, vart frakta attende til Hyllestad i 1990. Delar av lasta finst her i utstilling. Her fann ein også ei mengd steinpinnar som var brukt til å stabilisere lasta. Kvernsteinane er rekna å utgjere 4 årsverk, og må ha utgjort eit vesentleg tap. Lasta vog ca. 13 tonn og truleg ført av ein båt, t.d. ei jekt på minst 40 fot. Bergen Sjøfartsmuseum meiner lasta skriv seg frå 1750-1815, men dateringa er usikker så ho kan vere eldre.
Delar av lasta er utstilt i informasjonsbua ved Kvernsteinsparken. Også 48 handkvernsteinar og 113 stablepinnar frå forliset ved Bukken i Sund kommune er komen attende til Hyllestad.

