Viktig målsetjing for kvernsteinprosjektet er å:
få fram mest mogeleg kunnskap om kvernsteinsdrifta i Hyllestad, og distribusjonen av åfjordsteinen gjennom tverrfagleg forsking
Forskinga som er gjort på 1990-talet og fram til no, viser at det har gått føre seg ein aktivitet innanfor steinhogging i Hyllestad frå før vikingtid og heilt fram til tidleg på 1900-talet. Aktiviteten tykkjest å verte større og meir omfattande etter kvart som ein vinn ny kunnskap. Fylgjande tunge nasjonale forskingsinstitusjonar/personar er engasjert i kvernsteinshistoria i Hyllestad:
1.) Norsk handverksutvikling:
Dokumentasjonsprosjekt på handverket
Norsk handverksutvikling/Maihaugen starta ved årsskiftet 2005/06 i samarbeid med Torbjørn Løland eit dokumentasjonsprosjekt på den eldste hoggeteknikken, der kvernsteinen vert hoggen rett ut av fjellet. Riksantikvaren har frigitt eit område for dokumentasjons-og demonstrasjonshogging. Prosjektet er tenkt å gå over 3 år.

Førebels rapport og meir informasjon finn du her.
2.) NGU - (Norges geologiske undersøkelser): Fullstendig kartlegging og kartfesting av kvernsteinsbrota.
Prosjketets hovedmål er å fremstille et detaljert kart og en geografisk egenskapsdatabase over kvernsteinsbruddene og tilhørende historisk infrastruktur og geologi. Utledet av dette skal produseres ulike temakart/databaser egnet til
NGU-kartlegginga vil verte eit godt reiskap for forvaltning av denne type kulturminne. Dette vil kunne ha stor
overføringsverdi til liknande kulturminneområde.
Sjå artiklar om geologiske undersøkingar i Hyllestad og Selbu.
Den ferdige rapporten: NGU-rapport 2007.079. Kartlegging og karakterisering av kvernsteinsbruddene i Hyllestad av Tom Heldal og Elizabeth Bloxam, finn du her.

3.) Doktorgradsarbeid i arkeologi v/Irene Baug
Vidareføring av hovudfag av 2001. Arbeidet vert knytt opp mot arkeologisk institutt ved UiB, med professor Ingvild
Øye som rettleiar. Viktige problemstillingar i doktorgradsarbeidet er m.a:
vidare arbeid med datering, utvinningsmåtar og framstillingsteknikk, distribusjon, eksport og organisering.
Under feltarbeidet sommaren 2008 fann Irene Baug restane av 7 steinkrossar i Hyllestad. Dette er sensasjonelle
funn, då det er den einaste kjende produksjonsstaden for steinkrossar som dermed er lokalisert. Sjå meir om funna
her.
Irene Baug med den største av krossane ho fann. Irene Baug og ordførar Tore Bråstad
Dette var og den som var nærast ferdiggjering. gler seg over fleire krossfunn.
Foto: Astrid Waage Foto: Torbjørn Løland
Krossane vart viste fram 11.februar
Mellom 30 og 40 frammøtte fann vegen til Hyllestad kyrkje onsdag 11. februar for å sjå og høyre om den
kulturskatten som Irene Baug fann i Hyllestad i sommar.
Irene Baug fortalde om funnet, og det ein veit om dei store steinkrossane her i landet.
Av dei ca 40 kjende store steinkrossane er omlag halvparten, eller truleg 23 av dei, hogde i granatglimerskifer frå
Hyllestad. Ho viste mellom anna bilete av krossen ved Eivindvik kyrkje i Gulen, der det er merke etter
kvernsteinshogging på baksida. Elles har ein lite sikker kunnskap om kven som reiste krossane, om dei er uttrykk
for religiøs eller politisk markering, eller begge deler. Det som no er sikkert, er at Irene Baug har funne ein av
produksjonsstadane der det vart hogde krossar.
Konservator Gitte Hansen har ansvaret for mellomaldersamlinga ved Bergen Museum. Ho var invitert til å snakke
om Bergen Museum sitt ansvar for arkeologiske funn i vårt område. Sjølv snudde ho om på tittelen og spurde:
"Hvorfor i all verden skal kors og kvernstein fra Hyllestad inn til Bergen Museum"? Dermed sette ho allereie i
opninga ord på spørsmålet mange sat med.
Bergen Museum er eit av 5 landsdelsmuseum som har forvaltningsansvaret for arkeologiske funn, som etter
kulturminnelova er staten sin eigedom. Landsdelsmusea skal ta vare på lause kulturminne, registrere fakta kring
funna, og oppbevare dei tilgjengeleg for forskarar og publikum "for all framtid".
Etter foredraget var fleire av dei frammøtte opptekne av om deler av funnet kan deponerast i Hyllestad i framtida.
Dette er eit så sterkt lokalt ynskje at når kommunen kan stille med ein sikker og verdig utstillingsplass som stettar
museet sine krav, er dette eit spørsmål som må takast opp att med Bergen Museum.
Ein vil kome attende med meir frå møtet seinare, m.a bilder frå utstillinga.
4.) Nytt forskingsprosjekt: Millstone - eit tverrfagleg forskingsprosjekt på Norske kvernsteinslandskap
I 2009 vert det sett i gang eit omfattande tverrfagleg forskingsprosjekt på dei norske kvernsteinslandskapa.
Prosjektet er 3-årig, og NGU skal ha prosjektansvaret med Gurli Meyer som prosjektleiar. Ei rekkje norske
universitet og forskingsinstitusjonar skal delta. Torbjørn Løland skal delta via NHU, og Irene Baug vert kopla på med
doktorgradsarbeidet sitt.
I tillegg vert Kommunenettverket invitert til workshops, og ein reknar med å ha ein god dialog undervegs. Den
europeisk konferansen som Hyllestad har arbeidd for i fleire år, er lagt inn i prosjektet i 2011.
I dette prosjektet vert det sett fokus på heile det norske kvernsteinslandskapet, både det fysiske gruvelandskapet
og det dette landskapet kan bety som kjelde for å skaffe fram ny kunnskap og innsikt om handel, økonomi, sosiale
og politiske prosessar i dei aktuelle samfunna.
NGU har nett fått svar på søknaden frå Forskingsrådet. Ein vil difor komme attende med meir utførleg informasjon
og med aktuelle lenkjer seinare. I flg framdriftsplanen i søknaden, vil det verte utarbeidd web-side for prosjektet i
løpet av våren.
5.) Prosjektet Kvernsteinshistoria formidla gjennom handlingsboren kunnskap
Dette prosjektet er ikkje eit forskingsprosjekt, men vil
i mange samanhengar fungere som ein hjelpedisiplin for forsking.
Det er Torbjørn Løland i Hyllestad som er den sjølsagde
fagmannen, som gjennom mange år, både privat og gjennom
NHU sitt dokumentasjonsprosjekt på handtverk, har tileigna
seg den kompetansen som stiftinga etterspør.
Det står fylgjande i prosjektplanen:
"I prosjektet Kvernsteinshistoria formidla gjennom handlingsboren
kunnskap skal ein knyte til seg kompetanse på handtverk, reiskap og
formidling knytt til kvernsteinshogging, og bruke denne kompetansen
til å vidareutvikle metoden med å formidle kvernsteinshistoria gjennom
handlingsboren kunnskap. Metoden har overføringsverdi til andre
kulturminne og til andre lokalsamfunn.
Kompetansen skal kunne stillast til disposisjon for dei andre kvernsteinskommunane i Norge innanfor nærare avtalt
organisering, dersom dei ynskjer å gjere seg nytte av dette.
Prosjektet skal vere eit reiskap til verdiskaping og utvikling av lokalsamfunn."
Saltdal kommune har gjort vedtak om å delta i prosjektet. Prosjektet skal drøftast i kommunenettverket i Brønnøy i
slutten av mars. Ein reknar då med etter kvart å få vite om fleire kommunar sluttar seg til samarbeidet.