Frå mellomalderen føregjekk denne handelen via
Bergen. Kvernstein frå Hyllestad var såleis viktig for norsk samhandel med utlandet
for ca. 1000
år sidan og fram gjennom mellomalderen.
Havarerte skipslastar viser farleia for skiping av kvernstein frå Hyllestad til ulike marknadsplassar. Funnet av vel 500 steinar i Alversund i 1990 er langt det største, men også funn sør for Bergen i 1993 ved den tidlegare handelstaden Bukken i Sund (51 steinar), vidare i 1999 ved Kvitsøy i Rogaland (32 steinar) og i 1975 ved Håøya/Grimstad (ca. 70 stein) gjev interessante opplysningar. Alle steinane er berre grovt tilhogne, og av varierande storleik. I alle lastene er det i hovudsak handkvernstein. Delar av Alverstraum- lasta er utstilt her i informasjonsbua.
Handverksregisteret på Maihaugen har
ved film og skriftleg materiale dokumentert kvernsteinhogginga i Hyllestad for ettertida.
Kvernsteinsbergarten i Hyllestad strekkjer seg i ein boge kring Åfjorden. Det er funne hoggstader frå Skivenes til Skor. Hovudaktiviteten var mellom Hatlem og Kleivevatnet. I dette området er det for det meste granatglimmerskifer med m.a.
dei harde minerala granat og kyanitt som gjorde kvernsteinen veleigna for kornmaling.
Dei mange avslagdungane av
sundbrotne og mislukka kvernsteinar,
og merkje
etter hoggen stein i bergveggar, som m.a. finst på Myklebust
(”Kvernsteinsparken”) og på Rønset, vitnar om ein aktivitet som er
vanskeleg å
finne grensegang for i tid og storleik. Arkeologiske
undersøkingar
i steinbrota
viser at produksjonen av kvernstein
truleg går attende til yngre
steinalder
(kring 700-talet e. Kr.).
Størst aktivitet i steinbrota ser det likevel ut til å ha vore
i
mellomalderen, frå midten av 1000-talet til ut på 1300-talet, men det
ebba ut
på midten av 1800-talet.
Kven som stod bak og organiserte det omfattande arbeidet og eksporten av
kvernstein
vide omkring, veit ein ikkje for visst. Truleg var det større
eigar-
interesser
representert ved t.d. godseigarar, kloster og lokale
geistlege, medan
leiglendingar og trelar i fleire hundre år slava og
arbeidde steinen fram.
Åfjordstein, eller Hyllestadstein, som desse kvernsteinane vert kalla, var truleg
den mest brukte kvernsteinen på Vestlandet, særleg i Sunnfjord, Ytre Sogn og
Nord-Hordaland. Funn fortel at kvernsteinen i vikingtid og mellomalder vart
nytta andre stader i landet og i utlandet m.a. på Island, frakta dit av vikingar på
landnåm og elles til Sverige, Danmark og kontinentet.

.

