Hyllestadseminaret 2012
Hyllestadseminaret vert 14. - 15.april.
Seminaret vert på Leirvik Kro og Motell, men med innlagt tur til Kvernsteinparken.
Millstone-prosjektet vert avslutta til hausten, og fleire av foredraga vil summere opp
deler av arbeidet. I tillegg kjem det fleire andre spennande bidrag.
Set av helga. Fullstendig program finn du her.
Film om Kvernsteinsparken
Og filmen som Silje vann pris for finn du her.
Riksantikvaren har støtta produksjonen.
Silje Bråstad vann Qfilm-pris
for filmen om Kvernsteinsparken som ho har laga på oppdrag for
Norsk Kvernsteinsenter. Silje fekk prisen for beste dokumentarfilm.
Sjå meir om prisutdelinga her.
Med Øystein Jansen på tur i Sylan
I programmet "Ut i naturen" 15.november på NRK, kan du vere med
på spennande tur til kvennfjellet i Selbu, og m.a. sjå glimt frå slitet i fjellet
og frå transporten av kvernstein frå Selbu til Røros. Du finn innslaget her
UNESCO-nominasjonen
"Viking Age Monuments and Sites" har fått ny nettside: www.vikingheritage.org/
På sida finn du omtale både av dei seks landa sine nominerte kandidatar, og om
nominasjonsprosessen.
"Seen through a millstone"
Takka vere mange gode bidragsytarar vart konferansen "Seen through a millstone: Geology and archaeology of quarries and mills" vel avvikla. Takk til Bergen kommune for kommunal mottaking i Schøtstuene, til alle gode føredragshaldarar, til gode hjelparar i Hyllestad, ikkje minst elevane ved Hyllestad skule og grendalaget i Skor.
Takk og til samarbeidspartnarane NGU, Millstone og Bryggens Museum som saman med Norsk Kvernsteinsenter var arrangørar. Les Per Storemyr sin blogg om konferansen her
Europeisk konferanse om kvernstein
Konferansen "Seen through a millstone: Geology and archaeology of quarries and mills" vert arrangert 19.til 21.oktober. Det vert to dagar med foredag på Bryggens Museum i Bergen. Foredragshaldarane er forskarar frå i alt åtte europeiske land. Ein dag dreg deltakarane til Hyllestad for å sjå kvernsteinsbrota der, som nyleg er føreslegne til UNESCO si verdsarvsliste.
Det har vore tre slike konferansar tidlegare, i La Fertè 2002, i Grenoble 2005 og i Roma i 2009.
Sjå programmet her
Unge formidlarar i Kvernsteinsparken
får ros på Disriktssenteret si heimeside. Les meir her
Hyllestad kommune fyller 150 år!
Norsk Kvernsteinsenter ynskjer Hyllestad kommune til lukke med 150 årsjubileet,
og ei feiande flott feiring med folkefest og kvernsteinsrock 2.juli!
Sjå video http://vimeo.com/25624538
m/s Nybakk på tokt til Orknøyane og Shetland
19.juni dreg m/s Nybakk vestover til Orknøyane og Shetland. Med seg på turen har dei ei utstilling frå
Karin Svarstad, og frå Hyllestad vert det med eit medlem frå Kvernsteinslauget, med informasjonsmateriell om
kvernsteinshistoria i Hyllestad. På Shetland har Nybakk eit samarbeid med Shetland Museum i den veka dei
ligg der. Sjå meir om turen på www.msnybakk.no
Velkommen til Kvernsteinsparken i sommar
Parken er open i perioden 21. juni til 15. august. Dagleg opningstid utanom måndagar frå klokka 12.00 til 16.00.
Guida historisk vandring gjennom Kvernsteinsparken for vaksne kr. 50, barn kr. 30.
For informasjon utanom opningstid ring tlf. 90551277.
Sjå òg brosjyra om Kvernsteinslandet.
Møt riksantikvar Jørn Holme på folkemøte 24. mars
Program for Hyllestadseminaret
Vil du vite meir om kvifor kvernsteinsbrota i Hyllestad er nominerte til UNESCO si verdsarvliste? Då må du kome på Hyllestadseminaret 7. april! Program og informasjon om påmelding finn du her.
Miljøvernminister Erik Solheim opnar Hyllestadseminaret
Hyllestadseminaret i år vert eit dagsseminar 7.april, med fokus på vikingtid og
UNESCO-nominasjon.
Arkeolog Irene Baug, professor Jan Bill, professor Dagfinn Skre og
fylkeskonservator Frans-Arne Stylegar held føredrag om kvernsteinsdrift,
vikingskipsgraver og norsk vikingtid. Orientering om nominasjonsprosessen
Programmet vert lagt ut så snart alle detaljar er påplass.
Riksantikvar Jørn Holme kjem til Hyllestad 24.mars
Han vil få omvisning i kvernsteinsbrota og me vonar han får møte elevane i
Kvernsteinsparken. Om kvelden vert det ope folkemøte om kva
UNESCO-nominasjonen kan bety for Hyllestad.
Meir informasjon kjem seinare.
Kvernsteinsbrota i Hyllestad er inne på
den tentative
UNESCO-lista
Kvernsteinsbrota i Hyllestad er no inne på UNESCO si tentative liste for
verdsarv. - Kvernsteinsbrota vitnar om ein storskala produksjon og handel
med kvernsteinar i vikingtida, heiter det i omtalen frå Riksantikvaren.
Les meir på fylkeskommunen si heimeside.
Kvernsteinsbrota i Hyllestad er nominert som
kandidat til UNESCO si verdsarvliste
Miljø- og utviklingsministar Erik Solheim kunngjorde fredag at Noreg fremjar
kvernsteinsbrota i Hyllestad, Borrehaugane og vikingtidsgravene i Vestfold som
kandidatar i ein transnasjonal serienominasjon om Arven frå vikingtida.
Sjå Riksantikvaren/Miljøvernsdepartementet si pressemelding.
Sjå artikkel publisert i Aftenposten 26.11.10.
Faktaark om kvernstein
Saltdal, Brønnøy, Selbu, Vågå og Hyllestad har fått utarbeidd
felles faktaark om kvernstein.
Dette er resultat av nettverkssamarbeidet kommunane har hatt gjennom
KS-programmet Livskraftige kommunar. "Kvernstein gjev læring, identitet
og næring" er overskrifta på arket, som er utforma og produsert av KS.
Sjå faktaarket her.
Hyllestadseminaret 2010
Hyllestadseminaret 2010 har fått overskrifta "Kom her skal
du sjå!"
Velkomne til seminar den 24.-25.april. Påmelding innan 10.april
til post@kvernstein.no
Sjå fullstendig program.
Møte om nasjonalt samarbeid
Ein ivrig steinhoggar frå Saltdalen
1.mars møttes den politiske leiinga og andre kontaktpersonar
frå kommunane Saltdal, Brønnøy, Selbu, Vågå og Hyllestad i
i NGU sine lokale i Trondheim. Med på møtet var og forskarar frå NGU,
representantar for KS, Riksantikvaren og Miljøverndepartementet.
Møtet kom i stand etter invitasjon frå Norsk Kvernsteinsenter, og temaet
var om og korleis ein kan organisere eit formalisert samarbeid
mellom kvernsteinskommunane etter at programperioden for
Livskraftige kommunar går ut. Konklusjonen var at ein ynskjer å
halde fram med samarbeidet. Ei gruppe med ein kontaktperson frå
kvar kommune skal legge fram ei skisse til framtidig samarbeids-
modell innan kommunenettverket samlast i Selbu i august.
Kvernsteinsdrift på Nord-Talgje
Journalisten Helge Haugen har skrive ein artikkel om kvernsteinsdrifta
på Nord-Talgje i Finnøy kommune. Artikkelen er publisert i Bondevennen
nr 45, og ligg og under Artiklar på www.steinbutikken.no
Omlegging av heimesida
I samband med overgang til stifting, vert det omorganisering av
heimesida, for mellom anna å få med meir stoff frå dei andre
kvernsteinsområda i landet. Omlegginga vil ta noko tid, men i
mellomtida får du her nokre smakebitar frå Selbu , Brønnøy, Vågå
og frå Saltdal. Sjå og lenkene under artikkelen frå Selbu.
Elles finn du meir på kommunane sine heimesider, og på sidene til NGU
og innslag på NRK.
Hyllestadseminaret 2010
vert 24.- 25.april. Set av datoane no, så vil me kome attende med
program seinare.
Konferansen Bread for the people
vart arrangert i Roma 4.- 7. november i år. Konferansen var organisert
av The British Scool at Rome og Department of Archaeology University
of Southampton. Ca 50 deltakarar frå 6 europeiske land deltok.
Det vart gjeve ein brei presentasjon av forskingsarbeid knytt opp mot
temaet kvernstein og kverner.
Frå Norge deltok Irene Baug, Torbjørn Løland og Gurli Meyer med føredrag.
Neste konferanse skal arrangerast i Norge i 2011.
Stiftinga Norsk Kvernsteinsenter er etablert
Torsdag 18.juni vart stiftinga Norsk Kvernsteinsenter etablert med Hyllestad
kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune som stiftarar.
Forvaltnings- og utviklingsplan
Sogn
og Fjordane fylkeskommune har fått
utarbeidd utkast til forvaltnings- og utviklingsplan
for steinbrotlandskapet Hyllestad. Les
meir

Program for Hyllestadseminaret 2009
Nytt liv i gamle steinbrot - møtestad for forsking og formidling
Påmelding innan 15.april. Les meir
Prosjektet Kvernsteinshistoria
formidla
gjennom handlingsboren kunnskap
Ein arbeider med eit prosjekt der ein skal knytte Torbjørn Løland til
stiftinga Norsk Kvernsteinsenter i ei deltidsstilling. Målet er m.a å
formidlingsmetodar basert på handlingsboren kunneksp.

Torbjørn Løland høgg ut ein kvernstein i prøvefeltet som er frigjeve av Riksantikvaren for prøvehogging

Ordførar
Tore Bråstad og fylkesdirektør Ingebjørg Erikstad med underteikna stiftingsprotokoll.

Representantar for kommunane Saltdal, Brønnøy, Selbu, Våga og Hyllestad, Sogn og Fjordane fylkeskommune og frå Norsk Kvernsteinsenter, NGU, KS, Riksantikvaren og Miljø-
verndepartementet var samla på møtet i
Trondheim 1. mars.
Fotograf: Hilde E. J. Grandaunet, NGU

Styret i stiftinga Norsk Kvernsteinsenter samla til første styremøte 31. august. Framme frå v: Ingvild Øye, Finn B. Førsund og Tom Heldal. Bak frå v: Gunnhild Systad, Torunn Selberg (vara), Lidvin Osland (leiar), Tore Bråstad (nestleiar), Bjarne Akse (vara), Karin Galaaen og Astrid D. Løland (vara).